Utsikt Vikafjellet. Foto.
Utsikt Vikafjellet

Vikastøylen–Kleivafjellet

Turen startar ved det gamle HV-10 bygget på Skei, og er merka med skilt.  Det er god og tydeleg sti heile vegen opp. Det er bratt opp til Vikastøylen, og det kan vere litt sleipt og gjørmete enkelte stadar når det er vått i veiret.  I starten går du i tett skog og kratt, men landskapet opnar seg på slutten, og du får nydeleg utsikt vestover langs Jølstravatnet.  Vel oppe på Vikastøylen, etter ca 40 – 60 min, kan det gjere seg med ein pust i bakken.  Frå støylen går du ned att nokre få meter i ei lita elvekryssing før du byrjar på stigningane opp mot Kleivajellet.  Når du kjem opp på egga får du nydeleg oversikt over Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden.  Det tar kring 60 – 90 min frå støylen og opp på Kleivafjellet ( Nikolai Astrup sin berømte «Kollen»)

Kleivafjellet ligg 1053 moh.

Husk turkart og rikeleg med drikke!

  • Vikastøylen–Kleivafjellet

Andre aktivitetar