Orkja
Turen startar i noko tett skog der det kan vere vanskeleg å finne stien. Start med skiltet opp i Dvergsdalsdalen, nær parkeringsplass til Hamnanova. Gå til skiltet som står på høgre sida av vegen. Stien som slyngar seg flott oppover fjellsida har nok vore mykje nytta før i tida, men er i dag prega av litt for lite bruk. Nokre parti går i noko bratt terreng, men det er ingen luftige parti. Når ein kjem over skoggrensa får ein flott utsikt over heile Dvergsdalsdalen, Grovabreen og alle fjelltoppane rundt denne. Når ein kjem opp på platået får ein først oversikt mot fjella i vestlege del av Jølstravatnet, medan ein ved varden får utsikt over Jølstravatnet og Skei.
Ta med turkart og nok drikke!