Håheimsfjellet
På toppen
Utsikt mot Stardalen frå toppen av Håheimsfjellet. Bakerst: Jostedalsbreen og Snønipa (midt på bildet).
Toppen ligg 1079 m.o.h, og turen er middels krevjande. Reknar du to–tre timar på turen opp, er du truleg innanfor ei fornuftig tidsramme for dei fleste. Men: ta den tida du treng.
På turen opp vandrar du i storslagen natur med panoramautsikt over Jølstravatnet, Kjøsnesfjordbrua, Grovabreen og Jostedalsbreen. Framme på toppen ser du også mot Stardalen, magiske Skjorta og Breimsvatnet i Gloppen.
Der møter du også første skiltet med namnet Håheimsfjellet. Det styrer deg inn på stien vidare frå støylen. Derfrå går du på godt merkt og synleg sti og møter først Skrestøylen. Derfrå går stien vidare mot Håheimsfjellet, og oppe på den første høgda etter Skrestøylen kan du ta til høgre og Fuglafjellet for å få tett utsikt til Skei sentrum og Jølstravatnet. (Denne er ikkje merkt.)
Skrestøylen
På vegen passerer du Skrestøylen.
Held du fast på stien går du i lett stigning mot Håheimsfjellet. Den siste stigninga er litt brattare, men stien er godt synleg og god. Oppe på høgda startar siste etappe fram mot varden på toppen. Her er det variert lett terreng som gir kjensla av å vandre på verdas tak med utsikt over store delar av Jølster.
Framme på toppen opnar også utsynet mot Stardalen, dalføret lengst aust i Jølster og Gloppen seg i full breidde.
Ta med turkart! Dette er berre ein enkel turbeskrivelse.