Fuglastøylen. Foto.
Fuglastøylen

Fuglastøylen

Vi tek utgangspunkt frå Jølster Panorama. Kryssar du E39 ved avkøyrsla til campingen ser du skiltet merkt «Dagsturhytta Fjellro». Følgjer du gang- og sykkelvegene ca 200 meter i retning Skei finn du ei steintrapp og eit skilt på venstre sida. Det er den merkte stien til Dagsturhytta Fjellro og Fuglastøylen. Den første eit svært populært turmål ei god halvtime unna. Derfrå går stien vidare i slakt terreng til Fuglastøylen, ein idyll inst i Fugladalen. Turen dit tek mellom 35 og 40 minutt.

Andre aktivitetar