Dagsturhytta Fjellro
Frå campingen kan du gå direkte til dagsturhytta i Jølster. Dagsturhytta som ligg her heiter Fjellro. Hytta ligg med fantastisk utsikt over Jølstravatnet. Hytta kan alle gå inni og har eit lite bibliotek som alle kan bruke. Les meir om dagsturhyttene her.
Turen kan du gå frå her på Jølster Panorama, turen dit tar ca 40 min. Ein kan gå vidare til Fuglastøylen, Fuglafjellet og Håheimsfjellet, alt etter kor langt du har lyst til å gå. Stien er godt merka, men spør oss gjerne om du trenger hjelp! Det fine med fjella i Jølster er at det finst alternativ for alle nivå, sjå her for mange gode forslag.
Dagsturhytteprosjektet starta som ein litt vill idé i Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2016. No er hyttene kjende landemerke og populære turmål i heile Vestland Fylke. Målet er å lage ein lett tilgjengelig turmål der dei fleste skal kunne komme seg til.